Vannsport og sommarstemning i Selje
I Selje møtest kvite strender, grøne fjellsider og ope hav i eit landskap som tek pusten frå deg. No kan du oppleve staden på ein ny og fartsfull måte! Vi tilbyr utleige av vannscooter, turer med vannski, tube, bananbåt, og leige av SUP brett.


Aktivitetar på vatnet for alle
Hos oss finn du eit breitt utval av vassaktivitetar som passar både barn, ungdom, vaksne, familiar og vennegjengar. Vannscooter gir høg fart og spenning for dei som vil kjenne adrenalinet bruse, medan vannski kombinerer leik og meistringskjensle når du reiser deg på bølgjene. SUP-brett passar for alle nivå, frå roleg padling i solnedgangen til meir aktiv trening saman med venner.
For dei som vil le og dele opplevinga med andre, er tube og bananbåt perfekte val – her sit de saman, held dykk fast og susar over bølgjene medan latteren sit laust. Våre sjåførar tilpassar fart og intensitet etter alder og ønskje. Tryggleik kjem først: Møt opp, nyt opplevinga og skap gode minner på vatnet.
Fotogalleri
Prisvenleg vannsport i Selje.
Hos oss får du vannsportopplevingar til rimelege prisar, med tydelege pakkar for både enkeltpersonar, familiar og grupper. Standardøkter har fast timepris, organisasjoner og lag kan ta kontakt for egne priser/avtaler. Vi kan stille opp andre stadar i Nordfjord etter avtale.
Ta kontakt for pris for leige utenom standardøkter.
Om sommaren vil vi vere på stranda i Selje for det meste, og turar kan bestillast direkte. Dersom vi ikkje er der, ta kontakt på telefon eller e-post.
Bestill vannsport i Selje no – sikre plassen din!
Tlf : 97723156 / E-post: vannsport@kn-salg.com

